Velkommen til Kvamskogen Næringslag

Sida der du finn oppdatert info om vær og føreforhold på Kvamskogen

Velkommen

Velkomen til heimesida for Kvamskogen Næringslag

Her vil både dagsturistar, hyttefolk og andre brukarar finna nyttig informasjon om Kvamskogen

Kvamskogen er fjellplatået mellom Samnanger og Kvam, høgste punkt er Fuglafjell med 1336 m.o.h. ”Skogen” er ein ynda utfartsstad for folk i Bergens-regionen, særleg om vinteren. Mange reiser på dags-turar til Kvamskogen, og på dagar med fint ver kan det vera over 30.000 personar som nyt sola og dei preparerte turløypene.  Området er ein stor hytteby, Norges 3. største, med rundt 2000 hytter- og nærare 500 campingvognplasser.

Kvamskogen ligg 50 minutt med bil frå Bergen og 10 minutt frå handelssenteret Norheimsund.  Fylkesveg 7 går over Kvamskogen. I vintersesongen er det gode bussforbindelser  med  Bergen, også med eigen skibuss rett i alpinanlegga i helgane om vinteren. Dette er eit fantastisk fjellområde for tur- og skientusiastar, både når det gjeld turgåing og alpinsport. Her finn du skiheisar, akebakkar og preparerte turløyper for alle nivå. Her er meir enn 30 alpinløyper, ein av dei lengste stolheisane i Nord Europa til 940 m.o.h., 16 skitrekk, 3 barneskitrekk og over 60 km preparerte turløyper. I tillegg kjem alle dei upreparerte turløypene som går opp til høge fjelltoppar som Kvitingen, Byrkjefjell og Fuglafjell. Det er gode parkeringsforhold som gir eit godt utgangspunkt for å koma seg ut i turløypene.

 

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close